Barn og ungdom
Fyril friluftsgruppe -
Samlingar hjå Andreas Valebjørg i Sørbygda. Nokre tysdagar kvart semester.Praktiske gjeremål og turar.
Fyresdal familiekor-
Øving i kantina på Gimle nokre onsdagar kvart semester.Koret syng på 4-6 gudstenester i året. Dirigent er Sarke Veum.
Hobbygruppe Betel-
frå tredje klasse og eldre.Hobbyaktivitetar, bibelforteljing, song, mat.
NB! Tone Susanne, kokk på Bistro Teisner vert med nokre gonger våren -20. Matgruppe.Kan bli meir seinare!
Leiare er Sigrun ( tlf 970 25 012) og Berthe ( tlf 995 42 766). Spørsmål og påmelding til ein av dei.
Kl 17.30-19 Dagar våren 2020:
3/3 Hobby og mat, 24/3, 14/4, 5/5 Hobby og mat, 26/5, 16/6 Sommaravslutning.
Konfirmantar-
se eige side.
4-års-bok
Dei som er døypte blir invitert ein gong til kyrkja det året dei vert 4 år. Då får dei 4-års-boka i gåve frå den lokale kyrkjelyden (sjå bilete).
Kirkerotte-DVD
Det året ein vert 5 år delar vi ut ein DVD med tema "kyrkjerottane" på ei familiegudsteneste. Nokre dagar før messa vert det ei samling på Betel, med litt mat, litt leik og song. Foreldra kan og vere med her.
Lys vaken
6-klassingar vert invitert til å overnatta i Moland kyrkje. Vi møtar laurdag kl 17, og har program på kvelden, vi går opp til Betel til eit måltid mat og her er det og leik. Søndag er vi med på ei familiegudsteneste kl 11.
Tårnagentane
Samling i kyrkja med quiz og agentoppgåver. For 3.klassingar.
Lys vaken video
Lys vaken - overnatte i kyrkja !