1 . Når nokon døyr i Fyresdal, og ynskjer gravferd i i kommunen, må den døde stellast og leggjast i kiste. På POS er det rutine å få Tokke gravferdsbyrå til å gjera dette. Er dødsfallet
skjedd i heimen, eller anna plass, kan familien kontakte valfritt gravferdsbyrå for dette. Byrået vil og kunne køyra kista til eit av bårehusa i kommunen.
2. Kyrkjekontoret vert teken kontakt med ( kyrkjeverje mob
951 59 494) og mange av dei praktiske tinga får man hjelp til der. Kyrkjeverja kan ordna med dei fleste ting, t.d. finna gravplass, praktiske ting ved seremoni, trykking av songprogram ( ofte i samarbete med lokale trykkeri),
fylle ut skjema , laga dødsannonse til avisa, val av salmar m.m.
3. Ved kyrkjeleg gravferd vil presten ringja familien for å avtala samtale før gravferda. Her tar man opp spørsmål om seremonien, kranspåleggjing
og minnetale. Presten halder minnetala om familien ynskjer det, men denne kan og haldast av ein i familien eller ein ven. Samtalen kan vere heime hjå familien, eller t.d. på kyrkjekontoret.
4. Det skal vere til vanleg 3 salmar
i kyrkja og ein ute på grava.Ein av salmane inne kan byttast ut med instrumentalmusikk. Det er fint å ha ekstra solomusikk / song, t.d. etter kranspåleggjinga og/eller som preludium eller postludium. Vi tilrår levande musikk i gravferda.
Nokre ynskjer musikk frå cd eller ved strøyming. Dette kan skje i samband med minnetala, men familien må då ta ansvar for det tekniske rundt dette.
5.Sløyfane på kransar og bårebukettar lesast opp av prest,
medan klokkar løftar kransane opp frå golvet. Andre kan og lesa kransane om familien ynskjer det. Folk kan og koma fram og leggja på si eiga krans/bårebukett .Då kan ein og seia nokre ord , men denne helsinga bør vera
kort.
6. Organisten spelar til vanleg ventemusikk 15- 20 minuttar før gravferda startar.
7. Ved kyrkjeleg seremoni er det vanlig at denne er open for alle.Men gravferda kan og skje i stillheit. Seremoni er vanleg, men ikkje obligatorisk.
8. Ved kremasjon køyrer gravferdsbil med kiste vidare, når vi kjem ut av kyrkja etter seremoni.
9. I stadenfor blomar og kransar, kan dei etterlatte velje å gi moglegheit til å gi ei minnegåve i samband med gravferda.
Ein kan t.d.gi til ei forening eller organisasjon som var viktig for avdøde.
10. Ei gravferd skal etter lova finne stad maks 10 arbeidsdagar etter dødsfall. Helgedagsr kjem i tillegg. Mange ynskjer gravferd på ein fredag.
I Fyresdal kan vi ha gravferd tirsdagar og fredagar. Det er vanleg at seremoni er kl 12. Seremoni tek ca 45-60 minuttar.
11. På Moland nye kyrkjegard har vi og eit felt for muslimske gravar.
12.Spørsmål om t.d. gravstein, gravminne
kan takast opp ved kyrkjeverje, men dette kan gjerast ei tid etter gravferda.
13.Kontakt gjerne kyrkjekontoret for meir informasjon.