Konfirmantar

Foto:Bo Mathisen/Ressursbanken.no

Konfirmantane var på leir i august frå mandag til laurdag.Leiren er på Gjennestad vidaregåande skule i Stokke.Gjennom konfirmantåret er det samling ein gong i månaden. Det er i tillegg ljosmesse i desember, kirkens nødhjelp-aksjon i april.Før konfirmasjonsgudstenesta i april/mai, er det og ei samtalegudsteneste. To gonger skal konfirmantane vere ministrant på ei gudsteneste.

 

 

Konfirmantar 2020           Konfirmasjon hausten 2020

Yngve Åmlid

Maria Breivik Fossland

Emilia Isabelle Dahler

Ketil A. Momrak-Haugan

Svein Austjore

Knut Austjore

Kristian Taraldlien

Emma Valseth Holmegård

Mathilde Kiland-Carlsen

Gaute Libjå

Eskil Nordbø

Tora Sølyst Skomedal

Sigrid Veum

Bendik Skansen Veum

 

NB! På grunn av coronaviruset er mesteparten av konfirmasonssamlingene avlyst. Konfirmasjonsgudstjeneste er utsatt til høsten, enten  5.september eller midt i oktober.En samtalegudstjeneste vil kanskje komme  før dette. Mer info etterhvert.

Program våren /hausten 2020

 

  2.6    Moland kyrkje kl 18-19.30. Prøving  kappar og øving, samling i prestegarden etterpå med enkel servering. Gruppe 1 og 2.

  9.6.   Moland kyrkje kl 18-19.30. Prøving  kappar  og øving, samling i prestegarden etterpå med enkel servering. Gruppe 3 og 4.

 5.september (laurdag) kl 10.30  Konfirmasjon gruppe 1.

                                   kl 12.00  Konfirmasjon gruppe 2.

                                   kl  13.30  Konfirmasjon gruppe 3.

17.oktober (laurdag)    Kl 12.00  Konfirmasjon gruppe 4.

Konfirmantane møtar seinast 20 minutar føre.

 

Kan du ikkje kome/ spørsmål ? Ring eller sms til Tore. 480 90 970

Nyttig å vite

Foto:Bo Mathisen/Ressursbanken.no

Spørsmål og svar - konfirmasjon

1)  Kva for alder skal ein konfirmant ha ?

Svar: Det er vanleg å konfirmera seg når ein fyllar 15 år. Når ein fyllar 15 er ein religiøst myndig, kan bestemme sjølv over spørsmål om tru og livssyn.

2) Må ein vera kristen for å verte konfirmert ?

Svar:Konfirmasjonen byggjer på at ein er døypt. Tidlegare var konfirmasjonen ein høgtideleg handling der ein stadfesta si dåpspakt. I dag er konfirmasjonsgudstenesta ei forbønsgudsteneste der vi ber ein bøn for kvar konfirmant. Elles er konfirmasjonstida  ei tid der ein har undervisning om kyrkje og kristendom, men også om kva det vil seie å vere menneske og ungdom osb. Konfirmasjonen er open for at ungdom kan ha både tru og tvil, undring og uvisse. Og det er OK! Vaksne kan vel og ha det slik. Dei som ikkje er døypte, kan verte døypte i konfirmasjonstida, i ei gudsteneste eller med berre det næraste til stades.

3) Kva er upplegget for konfirmasjonstida ?

Svar: I Fyresdal er det presentasjonsgudsteneste første helg i juni. I starten av august er det leir på Gjennestad vidaregåande skule i Stokke frå mandag til laurdag. Her er både alvor og gøy, aktivitetar og underholdning, og god mat !  Gjennom konfirmasjonstida møtast vi ein gong i månaden til samling, i prestegarden, Betel eller anna plass, før jol er det ljosmesse, på våren er det innsamling til Kirkens nødhjelp, og i april/mai er det samtalegudsteneste. I løpet av året  skal kvar konfirmant vere ministrant ved minst to gudstenester.Sjølve konfirmasjonsgudstenesta er ein  laurdag i slutten av mai. Opplegget er obligatorisk.NB  Til leiren finnast eit alternativt opplegg som pilegrimskonfirmant.

4) Korleis er konfirmasjonsgudstenesta ?

Svar: Før denne gudsteneste har kvar konfirmant fått låna kvar si  kvite kappe, og vi møtar seinast ein halv time før. Det er begrensa med plass i kyrkja, kvar konfirmant får reservert ca. to benkar. Konfirmantane går inn i kyrkja i prosesjon samman med prest og klokkar. Kvar konfirmant knelar ved alterringen , der presten bed ein kort bøn for kvar einskild.Til slutt går vi og ut av kyrkja i prosesjon. Etter messa vert det moglegheit for fotografering.

 

 

I prestegarden

Info om konfirmasjon til hausten

Info om konfirmasjon i Fyresdal
Hei! Her kjem meir info om konfirmasjonane til hausten. Etter at Norge har strenge korona-tiltak i mange veker, er vi nå i ferd med å opne samfunnet igjen. Likevel er det mykje spørsmål om korleis dette vil vere framover. Nokre samlingar har vorte avlyste, men no har vi tenkt å gjera det slik framover:
Konfirmasjon laurdag 5.september
Kl 10.30 Gruppe 1 Mathilde, Tora og Maria.
Kl 12.00 Gruppe 2 Emma, Knut, Svein og Emilia.
Kl 13.30 Gruppe 3 Yngve, Eskil, Bendik og Gaute
Laurdag 17.oktober
Kl 12.00 Gruppe 4 Ketil, Kristian og Sigrid.
Om smittetiltaka vert oppheva i september, vil vi tilrå at dei som har 5.september som konfirmasjonsdag er samla på gudstenesten kl 12. Hugs å sei frå om dette når de sendar ut invitasjonar til dagen. Gudstenestene 5. september blir noko forkorta. Konfirmantane møtar seinast 20 minuttar før gudstenesten startar. Då ligg kappane klare med namn på.Etter gudstenesten stillar vi opp utanfor kyrkja for fotografering.Da vi ikkje kjennar til kva for smitteverntiltak som gjeld til hausten, så kan vi ikkje i dag seie kor mange gjestar kvar konfirmant kan ha med seg i kyrkja. Meir info seinare. Sjå fyresdalkyrkja.com og facebooksida for meir info. Instagram : kyrkjaifyresdal.
Samling i juni i Moland kyrkje:
Tysdag 2.juni kl 18 -19.30. NB! Gruppe 1 og 2. Vi møtast i kyrkja for kappeprøving og øving for konfirmasjonsdagen. Etterpå samlast vi i prestegarden .Enkel servering.
Tysdag 9.6 kl 18-19.30. NB! Gruppe 3 og 4. Kappeprøving og øving til konfirmasjonen. Samling i prestegarden etterpå med enkel servering.
Vi ynskjer å ta eit felles foto av alle konfirmantene i haust. Tid og stad for dette kjem seinare. Vi vonar på fine konfirmasjonar til hausten! Kontakt gjerne Else Berit ( 951 59 494) eller Tore ( 480 90 970) om de har noko de vil spørja om.
Med helsing Else Berit og Tore

Hva med leir ?

Det blir ingen konfirmantleir på Gjennestad i sommer. Så er spørsmålet, blir det leir for kommende konfirmantkull ? Petter @ co  arbeider for å få til leir i uke 8 i 2021, i vinterferien. Det er jo to leire som skal til, og da er det mulig at en leir arrangeres første halvdel av ferien, mens andre leir arrangeres siste halvdel. Det er trolig denne siste Fyresdal blir med på. Det er ikke klart hvor leiren blir. Gjennestad er jo ikke aktuell, for der er overnattingsrommene opptatt av årets elever. Kanskje får vi håpe på at vi kan dra et sted det er skimuligheter ?

Bilde: Årets konfirmanter på Gjennestad.